Gnisten er borte på Nesna

Dei tilsette ved Nord Universitet, Nesna, har tunge tider etter at det blei klårt at den tidlegare høgskulen blir lagt ned frå 2022. Plasstillitsvald Morten Mediå i Forskarforbundet har sagt opp jobben ved universitetet. – Eg fekk nok av idiotien, seier han til Forskarforum. Han skal over i ny jobb i Sandnessjøen. Mediå meiner heile prosessen har vore "heilt elendig".

Marian Børli Sivertsen er samd med Mediå i at prosessen har vore uprofesjonell. Børli peiker på at det ikkje har vore fokus på å ta vare på dei tilsette.

Ho meiner også at det er dei unge på Helgelandskysten som blir ramma av nedlegginga. Det har vore enkelt å kome seg til Nesna med Hurtigruta.

Les meir i Forskerforum