Førsteamanuensis Aksel Mjøs ved Norges Handelshøgskole skriv i Aftenposten at det generelt er vanskeleg å måle både kostnader og vinning ved fusjonar mellom offentlege etatar. "I serien av samanslåingar frå Nav og helseforetak til kommunar og høgskular, får ein inntrykk av at mange politikarar er like tent på fusjonar som dei tøffaste «corporate raiders», skriv Mjøs.
Men der ein i det private kan lese av graden av suksess ved oppkjøp og fusjonar ganske omgåande frå aksjekursane, er situasjonen heilt annleis i det offentlege. Mjøs siterer kollegaen sin Kurt Brekke ved NHH, som har studert sjukehusfusjonar. Brekke har så langt komme fram til at det generelt er "få gevinster å spore".
Medan det private har sterke disiplineringsmekanismar i trugsmålet om å bytte ut heile styret eller selje einingar som ikkje gir vinning for aksjeeigarane, så er det offentlege meir prega av fagpersonar og "småkongar" som helst gjer tinga slik dei sjølve har fordel av. Dessutan er ikkje målet for offentlege etatar å produsere vinning for eigarane, men å produsere best og flest mogleg tenester for brukarane.