Vitskapen sit på enorme mengder kunnskap og data. Det er naudsynt å sjekke kva som alt finst av kunnskap, før ein set i gang med nye eksperiment. Men det er for freistande å ta snarvegar. Og konsekvensane kan bli fatale. Stevie Wonder er blind fordi han fekk behandling med oksygen som prematur fødd. Om det hadde vore gjort grundigare søk i eldre forsking, ville det ikkje skjedd. Mange premature babyar har mist synet på grunn av denne feilen.
Professor Hans Lund ved Høgskulen på Vestlandet og forskargruppa hans har fått ei stor løyving frå EU sitt COST Action-prosjekt. Dei vil få dekt nær ein million kroner i året for møteverksemd i arbeidet med å byggje eit europeisk nettverk for kunnskapsbasert forsking, dersom alle dei 36 aktuelle landa blir med i samarbeidet. Lund fortel til forsking.no at det er for mange som baserer forskinga si på ei handfull artiklar som stør hypotesen deira, medan dei overser forsking som gir svar som ikkje passar inn.
Idag er det mykje lettare enn før å sjekke kva som finst av eksisterande kunnskap – vi har jo hatt ein digital revolusjon. Likevel blir ofte ikkje grundige og naudsynte søk gjort før ny forsking og eksperiment blir sett i gang.
– Så mykje i forskingsverda er med på å undergrave samarbeid, seier Lund til forsking.no. – Det akademiske miljøet er gjennomsyra av individualismen som dominerer samfunnet vårt elles: Ideen om at alle må ta vare på sine eigne interesser, først og fremst. Men våre felles interesser blir best tatt vare på i fellesskap. Vi må jobbe i lag for å få til denne avgjerande endringa.