EU gir Google 23 milliarder i bot

EUs konkurransekommisær Margrethe Vestager gir Google ei rekordstor bot på 2,42 milliardar euro for brot på EUS konkurransereglar. Bota er dobbelt så stor som venta. EU-kommisjonen meiner at Google misbruker den dominerande marknadsposisjonen sin til å sende brukarane til si eiga søkemaskin for vareprisar og nedtone konkurrerande tenester.

Kommisjonen seier at 9 av10 søk på internettet blir gjort på Google. Google svarar at dei vil studere avgjerda frå kommisjonen, men at selskapet er usamd i grunnlaget for bøtlegginga.

Google hevdar at shoppings-resultata frå tenesta deira berre blir vist fram til brukarar som har direkte nytte av dei, og tilbakemeldingane tyder ifølgje Google på at brukarane tykkjer det er relevant. Selskapet meiner at tenesta deira gjer mindre verksemder i stand til å konkurrere med store selskap som Amazon og Ebay. I USA har Amazon 55% av shoppingmarknaden på internett.

Les meir i Politiken.dk