Amnesty International har publisert årsrapport for menneskerettane i verda. Situasjonen er i følgje Amnesty verre enn på 20 år, til og med om ein ser vekk frå krigen i Ukraina. Minst 67 land har vedteke nye lover for å avgrense ytringsfridomen. Menneskerettsforkjemparar, friviljuge organisasjonar, medier og opposisjonelle blir sensurerte og ulovleg arresterte.
I Russland var menneskerettssituasjonen i følgje Amnesty «i fritt fall» dei siste åra før krigen mot Ukraina starta. Etter krigsutbrotet har det blitt endå meir risikabelt å ytre seg kritisk.