Trugar individualisering av lønnspolitikken akademisk fridom og kreativitet?

Sted: Christie Café

Tid: 22. januar 2024 kl 00:08

logo forum for vitenskap og demokrati uib
logo forum for vitenskap og demokrati uib*
Forum for vitskap og demokrati inviterer til debatt om konsekvensane av individualiseringa av lønnspolitikken ved universiteta.

Universiteta er blitt meir og meir opptatt av prosjektrekvirering. Dette er aktivitetar som lett lar seg kvantifisere. Men er det dette som skal styre leiinga si premiering av professorar? Eller er det kreativitet, kritisk forsking og langsiktig tenking som er viktig? Skal fagforeiningar i samarbeid med leiinga bestemme kven som treng påskjøning for kritisk forsking og kreativitet? Om lønnspolitikken blir individualisert, vil den da dra universitetet mot oppdragsforsking og kortsiktig tenking, mot større skilnader og eit forskingsoligarki?

Innleiing med Ellen Dalen, 1. nestleiar Norsk Tjenestemannslag, og kommentarar frå Ole Johnny Olsen, Professor ved Sosiologisk institutt.

Tid: 22. januar 2024, kl. 08.30 – 10.00

Møteleiar: Tor Halvorsen
Stad: Christie Cafe (enkel frukost til dei første som kjem)

 

Lenke til arrangementet