Rapport frå forsikringsselskap: Eitt av fem land i fare for økosystemkollaps

Eit sentralt forsikringsselskap globalt, Swiss Re, har publisert ein rapport der konklusjonen er at eitt av fem land i verda står i fare for økosystemkollaps. Land som Australia, Israel og Sør-Afrika ligg nær toppen av risiko-lista, der òg India, Spania og Belgia har varselfarge.

Meir enn halvparten av brutto nasjonalproduktet (BNP) i verda er avhengig av økosystem som fungerer godt. Land som har mindre enn 30 prosent av området med sårbare økosystem blir rekna i faresona for økosystemkollaps.

Les meir i The Guardian