Ottar Brox (f. 1932), ein bauta i norsk samfunnsforsking og politikk, er død. Brox vaks opp i Torsken kommune på Senja der foreldra var lærarar. Han var ein av svært få frå dette samfunnet som tok høgre utdanning, og blei med tida professor ved Norsk institutt for by- og regionsforsking.
Brox var ein viktig samfunnsdebattant gjennom 60 år, og sat ein periode på Stortinget for SV. Han skreiv mellom anna det som mange reknar for den viktigaste utgjevinga etter krigen: «Hva skjer i Nord-Norge?», der han kritiserer den rådande sentraliseringspolitikken, og held fram livet til fiskarbonden som eit godt alternativ til lønsarbeid i byane.