Klimarisiko blir teke stadig meir på alvor av finansnæringa. – Selskapa prøver å finne ut av korleis dei kan tene pengar i ei framtid med lågare klimautslepp, seier Cicero-direktør Kristin Halvorsen til NRK.no.
Finansfolk oppsøkjer no klimaforskarane på Cicero langt oftare enn tidlegare. Dei vil forstå korleis klimaendringane vil slå ut i praksis, og kva konsekvensar nye klimatiltak vil ha.
Ei analyse frå Black Rock, den største kapitalforvaltaren i verda, viser at dei selskapa som reduserte karbonavtrykket sitt mest, også var dei sin gjorde det best på børsen i åra frå 2012 til 2016. Samstundes viser oljefondet sine investeringar i grøne aksjar at desse ikkje alltid er dei mest lønsame. Faktisk var avkastinga frå grøne aksjar frå 2010 til 2018 berre halvparten av avkastinga frå andre aksjar.