Koronaviruset kutta kinesiske klimautslepp med ein fjerdedel

Dei kinesiske utsleppa av klimagassar er redusert med med rundt 25 prosent dei siste to vekene av februar. Bilete frå NASA viser at lufta over Kina er generelt langt reinare enn normalt, etter at mykje av næringsliv har stengt ned underepidemien. Men i Beijing er lufta som normalt, fordi stålverka går som vanleg, og vindretninga fører til opphoping av forureining over byen.

Rådgjevar for Greenpeace i Kina, Li Shuo, trur ikkje reduksjonen vil gje særlig varig effekt, fordi produksjonen vil gå på høggir når pandemien er over.

Les meir på NRK.no