
Julian Assange er sett fri, og har reist frå Storbritannia, i eit fly på veg til heimlandet Australia. Han har dei siste fem åra vore fengsla i høgrisikofengselet Belmarsh i Storbritannia. I sju år før dette, sat han i asyl i Ecuadors ambassade i London.
Assange skal møte til eitt rettsmøte på ei amerikansk stillehavsøy nær Australia 26. juni. Etter dette vil Assange etter avtalen vere fri.
Assange skal i følgje BBC ha gjort ein avtale med USA om å seie seg skuldig i eitt av dei 18 tiltalepunkta amerikanarane sikta han for. Dei fleste av brotsverka skulle vere spionasje. Assange stifta Wikileaks i 2006. Meir enn 10 millionar hemmelege dokument blei dei neste åra publisert frå Wikileaks, delvis i samarbeid med store mediehus i fleire vestlege land. Fleire av nyheitene dokumenterte amerikanske krigsbotsverk i Irak og Afghanistan.