– Italia eitt av fem land i ‘demokratisk tilbakegong’ i Europa

Georgia Meloni, fri bruk
Georgia Meloni, fri bruk *
Ein borgarrettsrapport åtvarar om at regjeringa i Italia, ved sida av Bulgaria, Kroatia, Romania og Slovakia, medvite undergrev rettsstaten på mange forskjellige vis.

Rapporten er publisert av Civil Liberties Union for Europe (Liberties), og sponsa av EU. Italia blir kritisert for å undergrave rettsapparatet gjennom fleire lovendringar, og å vise sterk intoleranse mot kritikk frå media.

I Ungarn ser forskarane ein tydelig tilbakegong for rettsapparatet gjennom året 2024. Presset aukar på ikkjestatlege grupper og media etter at landet har oppretta eit Kontor for forsvar av suvereniteten. Dette kontoret har vide fullmakter til å etterforske borgarar som er aktive i det offentlege livet.

Generelt meiner rapporten at Europa er inne i ein generell tilbakegong for demokratiet.

Les meir i The Guardian