HVL strategi 2019-2023 |
Den nye strategiplanen for 2019–2023 annonserer Høgskulen på Vestlandet blei nyleg lansert under namnet "Samspel, berekraft, nyskaping". Dette seier mykje om kva høgskulen skal satse på. Bak mottoet ligg ønskjet om å rette skulen inn mot arbeidslivet og profesjonane i regionen.
I innleiinga heiter det:
Høgskulen på Vestlandet skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
I utdanning, forsking og utviklingsarbeid skapar vi ny kunnskap og kompetanse, forankra internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt.
Samspel handlar om samhandling med omgjevnadane og internt i høgskulen. Det trengst fleirfagleg kompetanse for å finne gode løys- ingar på utfordringane i samfunnet. Vi vil utvikle ny kunnskap i tett samspel med omverda. Vi har noko å tilføre kvarandre – mellom fagmiljø, mellom campusar og mellom tilsette og studentar.
Berekraft handlar om vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Med breidda i faga våre er alle dei 17 berekraftmåla som FN har sett relevante for oss. HVL skal vere ei drivkraft for berekraftig utvikling.
Nyskaping handlar om å forbetre produkt og tenester, vidareutvikle profesjonar og teknologi, arbeidsmetodar og undervisningsformer. Vi skal vere innovative og utruste studentane med kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande.
Dei felles faglege satsingsområda skal vere gjennomgåande perspektiv for verksemda vår, samtidig som dei er fordjupingsområde for forsking og utdanning. For å utvikle heilskapleg kunnskap innan områda, treng vi kompetanse på tvers av fagmiljøa.
Satsingsområda skal styrke den profesjons- og arbeidslivsretta profilen, med samspel, berekraft og nyskaping som berande element. Dette inneber å vedlikehalde og utvikle gode koplingar til profesjonar, velferdsinstitusjonar, offentleg forvaltning og private verksemder.