FN sine berekraftsmål krev ein ny utviklingsmodell

Berekraftsmåla frå FN stiller svært utfordrande krav til verdssamfunnet. Tor Halvorsen peiker i ein artikkel på attac.no på at dei i realiteten krev ein heilt ny utviklingsmodell. Den vestlege modellen som har dominert etter krigen, har i følgje Halvorsen skapt mange av dei problema vi står oppe i no.

– Først vekst, så alt det andre etterpå har vore argumentet i etterkrigstida, og i ein kort «sosial-demokratisk» periode såg det ut til at denne modellen virka; produktivitetsgevinsten vart delt og velferdsstaten styrka. Taparen var miljøet. I dag har vi vekst, men stadig mindre av «det andre» (velferd og omfordeling) og veksande miljøproblem (særleg auke i CO2 utslepp) til tross for naturvitskapens advarslar, og lønnsarbeidarar får ikkje lenger del i veksten dei er med å skape.

Halvorsen peikar på at FN meiner akademia må vere ein sentral aktør i utviklinga av ein ny utviklingsmodell. Og universitet over heile verda har engasjert seg i kunnskaputvikling som blir etterspurd i FN sine berekraftsmål. Universitetet i Bergen har teke eit strategisk initiativ med SDG Bergen.

Les meir på attac.no