Helsedirektoratet la i går fram notatet "Prioritering av helsehjelp i Norge under Covid-19 epidemien". Mange uttala seg sterkt kritisk til eit punkt i ein tidlegare versjon av notatet, der det var sett ei klår grense ved 60 og 80 år for prioritering av helsehjelp for koronaviruset dersom helsevesenet blir sterkt overbelasta under pandemien.
I notatet som blei lagt fram i går, var punktet om alder tatt ut. Hovudkriteria for prioritering av helsehjelp byggjer på dei prioriteringane som blir gjort i vanlege situasjonar på sjukehus og sjukeheimar:
- nytta av helsehjelp
- ressursbruken
- kor alvorleg helsetilstanden er
Notatet tilrår at det meste av planlagt behandling blir utsett, om det ikkje har store konsekvensar for den det gjeld. Til dømes er tilrådinga for opptrening og habilitering, at berre tidleg rehabilitering etter hjerneslag og akutte rehabiliteringsforløp skal bli tilbydt i koronaperioden:
All helsehjelp i spesialisthelsetjenesten innen habilitering og rehabilitering som medfører fysisk oppmøte av pasient, eller annen direkte kontakt mellom rehabiliteringspersonale og pasient, opphører inntil videre.
Unntak: tidlig rehabilitering etter hjerneslag, samt andre akutte rehabiliteringsforløp for alvorlige tilstander som f.eks. tverrsnittslesjon, hodeskade, multitraumer (etter f.eks. trafikkulykker) og amputasjoner.
Tilsvarande prioriteringar gjort for rus/psykiatri. Stort sett all behandling av koronapasientar på sjukeheimar skal gjerast på institusjonen, og ikkje på sjukehus.