Dei unge taper på arbeidsmarknaden

Sidan 2008 til 2015 har arbeidsdeltakinga for unge i alderen 25–29 år gått ned med 6,6 prosent. I same perioden har sysselsettinga auka med 3,6 prosent for folk i alderen 65–74 år. LO-økonom Stein Regaard seier til Klassekampen at han er uroa over denne utviklinga: – Fallet i sysselsettingsrata blant yngre kan vera den framtidige trygdebølga.

Reegaard peiker på fleire moglege årsaker til at sysselsettinga fell blant dei unge, spesielt arbeidsinnvandringa og at særleg gutar droppar ut av skulen. Det siste meiner Regaard heng saman med for låg status og oppfølging av yrkesfaga.

Les meir i Klassekampen