– Vindmøllene er representantar for den minst smertefulle delen av løysinga, skriv Hans K. Mjelva i Bergens Tidende. – Verda treng energi. Å tru at vi kan møte klimakrisa ved å dramatisk kutte ned på energiforbruket er naivt. Det vil senke den økonomiske veksten, og det vil senke livskvaliteten til folk på ein måte som vil gjere klimatiltak endå vanskelegare å gjennomføre.
Hans K. Mjelva meiner difor at vi vi må leve med dei lokale konsekvensane vindmølleutbygginga skaper. Utanlandske firma investerer store summar i norsk vindkraft, fordi dei ser at dei vil bli lønsame om få år.
– Men akkurat som utbygginga av vasskraft og tungindustri i si tid la fossar i røyr og tok ein jafs av det biologiske mangfaldet, kan ikkje utbyggingar av vindmøller skje utan at nokon får det i nærleiken eller synsfeltet, eller at fuglar døyr, skriv Mjelva