4 av 5 kolkraftverk i Europa går med tap

Ein rapport frå Carbon Tracker Initiativet hevdar at 79 prosent av europeisk kraftproduksjon basert på kol går med tap, mot 46 prosent i 2017. Den førre rapporten frå CTI kom i 2017, og denne spådde at europeiske kolkraftselskap ville møte veggen så tidleg som i 2030. Den nye rapporten meiner at dette årstalet er for konservativt – det kjem til å skje tidlegare.

Rapporten rår europeiske styresmakter til å gjere klår for tida etter kol, og planlegge full stopp i kolkraft seinast i 2030.

Det er lågare prisar på fornybar energi og fossil gass, kombinert med auka karbonprising og reguleringar mot luftforureining som gjer kolkraft ulønsam.

Rapporten rår samtidig mot å flytte investeringar frå kol til gass, fordi slike investorar "truleg vil oppdage at dei står framfor eit stup".

Les meir på Energi og klima