Ein kjølig oktobermorgon i 1944 dundra 152 fly inn over fjordane våre frå sørvest. Frå 4000 meters høgde, vart det i løpet av 11 intense minutt droppa 1432 bomber over Laksevåg.
Bergensavisens politiske redaktør Sølve Rydland skriver at målet for britane som stod bak angrepet var ubåtbunkersen som den tyske okkupasjonsmakta hadde bygd ved Nordrevågen på Laksevåg.
Berre eit fåtal av bombene trefte målet. På Holen skole, ikkje langt unna bunkersen, hadde elevar og lærarar søkt tilflukt i kjellar og bomberom. I alt 61 elevar, to lærarar og ein vaktmeister mista livet ved Holen skole denne morgonen. I tillegg mista 6 barn livet på veg til skulen.
Det var ikkje berre skulen som måtte gje etter for bomberegnet. Om lag to hundre bustadhus, fleire fabrikkar og mange verkstadar vart òg sprengde til pinneved.
Like før klokka tre rapporterte Gades Institutt om at dei snart ikkje hadde plass til fleire lik.
Totalt førte det mislykka britiske bomberaidet til at 193 sivile mista livet denne onsdagsmorgonen for åtti år sidan. Så godt som alle på Laksevåg mista nokon nære.
Om Geneve-konvesjonen var vedteken før andre verdskrigen, hadde det britiske åtaket vore ei grovt krigsbrotsverk. Men bombing av skular har ikkje teke slutt. Det siste året har det skjedd i stort omfang både i Gaza og Ukraina.