Den britiske regjeringa har for første gong gjort eit overslag over kor mange som lever under slaveliknande tilhøve i Storbritannia. Det høge talet – 13.000 personar – er sjokkerande, seier innanriksminister Theresa May.
Tidlegare har talet på slavar blitt berekna til drygt 2700 personar. Det er særs vanskeleg å kartleggje omfanget av slaveri, fordi det stort sett er godt gjøymt, og fordi det ofte rammar ofre for trafficking mellom anna til prostitusjon. Men mange slavar arbeider også som hushjelper, i landbruket og industrien.
Britiske styresmakter skjerper no kampen mot slaveriet, men Aidan McQuade, leiar for Anti-Slavery International Charity, stiller spørsmål ved om dei britiske tiltaka mot slaveri går langt nok. Han peikar på at alle som måtte klare å rømme frå dei forferdelege tilhøva, blir deportert så snart dei melder frå, til og med om dei har vore utsett for grove overgrep.
I tillegg er mange som lever i slaveri redde for å rømme, fordi dei trur det kan utløyse represaliar mot familiemedlemmer i heimlandet.
Les meir i The Guardian