Mange har fått voner om at dei nye plattformnæringane kan få ordna tilsettingsvilkår etter at rosastreiken mellom Foodora-syklistane endte med siger og tariffavtale. ILO-presidenten Guy Ryder kommenterte streiken slik: – Det disse folkene representerer er noe som er ganske nytt, de representerer en voksende del av økonomien som verden beveger seg mot. Det som skjer i Oslo i dag er ikke bare viktig for dem som er direkte involvert i denne streiken. Det er har også betydning utenfor Norge.
Hans K. Mjelva kommenterer streiken i Bergens Tidende, men er ikkje så sikker på om tariffavtalen kjem til å bety så mykje. Foodora er nemleg ei av få verksemder i den nye økonomien som tilset arbeidarane direkte. Dei fleste engasjerer arbeidarane som sjølvstendig næringsdrivande. Då er vegen mykje lenger for å oppnå tariffavtale. Det var dette massesøksmålet som 24 tidlegare kontraktørar for Aleris-konsernet (no Stendi) handla om. Dei tapte på dei fleste punkt i retten.