Piller. Public domain, Pixabay
Legemiddelindustrien er ein viktig partnar for helseprofesjonane. Den leverer nyttige medisinar, men også medisinar med biverknader som er undervurderte og underrapporterte. På nrk.no ligg ein dansk dokumentar som er svært kritisk til usann markedsføring av antidepressiva, og til salgskampanjar mot barn som medisinen ikkje er meint for.