Professor Kaare Aagaard, Dansk Center for Forskningsanalyse, Aarhus Universitet, innleier på debattmøte i Bergen 15. april om temaet Strukturrasjonalisering i universitets- og høgskulesektoren - kva kan vi lære av Danmark?
Norske universitet og høgskular skal slåast saman. Det skal skje fort. I Danmark har dei vore gjennom ein tilsvarande prosess. Erfaringane viser at ikkje alle samanslåingar er vellukka. Det blei satsa på sterke leiarar. Men leirskapet sine standardar for kvalitet undergrev ofte det som skulle vere det fremst kjennemerket til universitetet: kreativitet. Satsinga på store organisasjonar som skulle klare seg betre i den internasjonale konkurransen har, i følgje pågåande forsking, ikkje gitt betre kunnskap, men heller eit elitistisk orientert leiarskap som allierer seg med andre elitar. Spørsmålet vi stiller til diskusjon er difor: Tener samanslåingar politiske styringsbehov meir enn dei tener kunnskapsutvikling?
Professor Kaare Aagaard vil ta opp dette spørsmålet på grunnlag av forskinga på dei danske reformane. Han arbeider ved Dansk Center for Forskningsanalyse, Aarhus Universitet.
Møtet finn stad på Muntlig, ved SiB-kantina på Studentsenteret kl 14.15–16.00.
Les meir på Forum for vitenskap og demokrati, UiB