Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen vil samle heile administrasjonen i Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten. Men det er nye tider, offentlige utgifter skal ned. Eksterne konsulentar meiner at det er er mogleg å få plass til dobbelt så mange tilsette i dette huset, i høve til dei 240 som arbeider der i dag. Bernstrøm vil nøye seg med å rydde plass til 450 personar.
Kontorlandskap i internasjonal avdeling
Internasjonal avdeling har 20 tilsette i to rom i opne landskap, men dei har også to stillerom og et rom for tettare samarbeid og et stort pauserom. Gry Stein sier til På Høyden at ho er svært godt nøgd med løysinga.
Men dei vitskapleg tilsette sit framleis i cellekontor. Hovudtillitsvald Steinar Vagstad i Forskarforbundet er kritisk til planane om opne landskap. I eit anna oppslag i På Høyden seier han: – Korleis innrettar folk seg elles i livet? Det er litt pussig at du skal sitje trangare og trangare på jobb, mens folk får meir og meir plass heime. Det er ikkje tvil om at folk føretrekk å ha litt luft rundt seg, og kostnaden er liten viss det påverkar trivsel og produktivitet. Det er blitt sagt om kunnskapsorganisasjonar at ressursane går heim kvar dag, og at den viktigaste leiaroppgåva er å bidra til at dei har lyst til å komme tilbake neste dag, seier Vagstad, og syner til universitetet i Malmø, der folk rett og slett slutta å komme på jobb når dei ikkje lenger hadde ein fast plass å gå til.