Sju pasientar ved Voss sjukehus har fått operert inn feil kneprotese. Dei skulle hatt usemtenterte proteser, men fekk sementerte – utan at protesene blei festa med sement.
Olav Lødemel, direktør ved Voss sjukehus, er veldig lei seg for det som har skjedd, og har bedt pasientane om orsaking. Hendinga skal ha skjedd fordi personalet ved sjukehuset ikke forsto merkinga av protesepakkene rett. Det er innført skriftlege rutiner og lagt til ekstra punkt i sjekklista i ettertid.