Evalueringar har blitt satt på dagsorden i større og større grad de siste åra. Ein arena for læring som er særskilt relevant for høgskulen er fagevaluering og evaluering av utdanningsinstitusjonar.
Kontroll eller kvalitet?
– Kva betingelsar må vere til stades for at organisasjonane kan lære av slike evalueringar? Spørsmålet blei stilt av Øyvind Glosvik, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Glosvik understrekar at institusjonsevalueringane som har blitt gjennomført av NOKUT dei siste åra har hatt stor fokus på kontroll og mindre fokus på kvalitet og organisasjonsutvikling.
– Dette skapar uheldige ringverknadar og kan i verste fall skape organisasjonar som er meir opptatt av å nå høgt opp i nasjonale evalueringar enn å sikre kvaliteten på utdanninga, meinar Glosvik.
NOKUT
NOKUT har sjølv vore gjennom ei evaluering, gjennomført på oppdrag frå Kunnskapsdepartmentet, som også peikar på at NOKUT i stor grad er opptatt av kontroll og i for liten grad av institusjonell og akademisk utvikling. Forfattarane av rapporten anbefaler at NOKUT finn ein betre balanse mellom kontroll og utvikling.
– Vi er klar over rolla NOKUT har hatt som kontrollorgan og vi arbeidar heile tida med å endre NOKUT si rolle som kvalitetssikrande instans av utdanninga slik at ein no kan gå meir i djupna av kvaliteten i utdanningane, kommenterte NOKUT-direktør Oddvar Haugland i sitt innlegg.
Evaluering av ingerniørutdanninga
Konferansen sette særskilt fokus på sjukepleie- og ingeniørutdanningane som døme på evalueringar. NOKUT har avslutta si evaluering av sjukepleiefaget, og evalueringa av ingeniørfaget er godt i gang.
Dekan ved avdeling for Ingeniørutdanning ved Høgskolen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, delte sine erfaringar frå evalueringsprosessen avdelinga har vore gjennom nylig.
Søgnen peikar på at ei slik evaluering kan opplevast som positivt for fagmiljøet ved at ein får sett fokus på rutinar og kvalitetssikring av studiane. – Gjennom eksterne evalueringar får ein belyst aspekt ved organiseringa av utdanninga som ein elles ikkje hadde ved interne rutinar.
Underkjenning av sjukepleieutdanninga
Sissel Tollefsen, instituttleiar ved institutt for Sykepleie ved Høgskolen i Bergen, var mindre positiv til den evalueringa sjukepleiefaget gjennomgikk i fjor.
Tollefsen er kritisk til kriteria som blei nytta av NOKUT for å måle kvaliteten i utdanninga. – Eit av kriteria for at sjukepleieutdanninga ved Høgskolen i Bergen i første runde blei underkjent var talet på tilsette med førstelektor-kompetanse ved utdanninga.
– Vi var berre eit hårspredd frå å ha mange nok, og dette var ein av grunnane til at vi ikkje fekk utdanninga godkjent. Er dette eit mål på kvalitet? avsluttar Tollefesen.
Les meir om konferansen og last ned presentasjonane her