På den nasjonale konferansen om ny barnehagelærarutdanning 18.-19. september blei den første rapporten om utdanninga overrekt til statssekretær Birgitte Jordahl. Følgjegruppa som har stått for utarbeiding av rapporten, har gitt han tittelen "Frå førskulelærar til barnehagelærar. Den nye barnehagelærarutdanninga. Muligheiter og utfordringar".
Rapporten avsluttar med å liste opp dei viktigaste utfordringane og gje sine tilrådingar:
Utfordringar
Forskrifta stiller store krav til pedagogikk(faget) som profesjonsfag som gir utfordringar påfleire område:
- Faget skal ha ansvar for danningsprosessen til studenten.
- Faget skal inn i alle kunnskapsområda med risiko for fagleg fragmentering.Faget skal binde saman teori og praksis.
- Faget skal ha eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsinnretting av utdanninga.
Utfordringane er knytt til organisering, ressursbruk og samarbeidi utdanninga.
Tilrådingar til institusjonane
- Sørgje for at pedagogikk(faget) er representert i alle kunnskapsområda.
- Høgskolen i Telemark må innarbeide pedagogikk(faget)i kunnskapsområda KKK (Kunst, kultur og kreativitet) og NHB (Natur, helse og bevegelse).
- Universitetet i Stavangermå innarbeide pedagogikk(faget) i kunnskapsområdet NHB
- Sjå nærare på korleis ein kan sikre at pedagogikkfaget har ansvar for progresjon ogprofesjonsretting i utdanninga.
- Arbeide vidare med og analysere utfordringa om fagleg fragmentering i pedagogikk(faget).
- Samarbeide med andre institusjonar for å få ei meir felles oppfatning av pedagogikk(faget) – rolle og ansvar – i den samla barnehagelærarutdanninga.
Tilrådingar til departementet
- Gjere tekstlege endringar i forskrift og merknader som kan vere med å avklare pedagogikkfageti utdanninga.
Slike endringar må harmoniserast med endringar som eventuelt vert gjort av NRLU (Nasjonalt råd for lærarutdanning) i dei nasjonale retningslinene for barnehagelærarutdanninga.
Følgjegruppa skal arbeide vidare med andre del av rapporten, og skisserer fokusområdet slik:
"Vilkår og rolle for pedagogikk(faget) vidare. Kva er pedagogikk i BLU? Korleis vert faget tolka og forstått av aktørane i utdanninga?"