Ein fersk rapport frå NTNU samfunnsforsking syner at dei fleste foreldra er nøgde med skule- og læringsmiljøet ungane deira har på skulen. Men nokre funn syner at det går feil veg. 93000 foreldre og 3800 lærarar er spurde i undersøkinga. Lærarane ser positiv utvikling i vurdering av lesing, rekning, skriving og munnleg. Men foreldra meiner det går feil veg på dei same felta.
Datagrunnlaget i rapporten er litt skeivt, slik at resultata må tolkast varsamt. Men eit anna tydeleg funn, er at det har stor verknad på miljøet på skulen om det er mange lærarar per elev. Foreldre ved desse skulane rapporterer om mindre mobbing og høgare trivsel.