Yrkesskade­erstatning: viktig gjennomslag for kvinner

Lill Sverresdatter Larsen, NSF. Foto: NSF
Lill Sverresdatter Larsen, NSF. Foto: NSF*
Stortinget har vedteke oppdatering av regelverket for yrkesskadeerstatning. Regelverket har vore uendra i fleire tiår. Det har fungert slik at 9 av 10 som får erstatning ved yrkessjukdom er menn, og 7 av 10 som får erstatning ved yrkesskade er menn. Dette skjer trass i at det er like mange kvinner som menn som søkjer om yrkesskadeerstatning.

Etter framlegg frå SV blei det vedteke at ulike typar kreft skal bli rekna som yrkessjukdom, at brystkreft hos personar som jobbar nattskift og turnus skal bli godkjent som yrkessjukdom, og at det heretter er arbeidsgjevar eller forsikringsselskap som må bevise at ein skade ikkje har årsak i arbeidet, ikkje ei bevisplikt for arbeidaren å bevise samanhengen, slik det har vore til no.

– Det er eit historisk gjennomslag for likestilling, seier leiar i Norsk Sjukepleiarforbund Lill Sverresdatter Larsen til NRK.