Vestlandsuniversitetet lagt bort

Høgskulane og universiteta i UH-nett Vest har bestemt seg for å droppe ideen om ein sams føretaksmodell etter mønster frå helseføretaka. Dermed blir det ikkje noko av ideen om eit stor-universitet for heile Vestlandet, skriv På Høyden, avisa for Universitetet i Bergen. Ideen om føretaksmodell blei spelt inn frå UH-nett Vest som svar på spørsmål frå statsråd Torgeir Rød Isaksen i samanheng med ministeren si planlagde SAKS-reform (Samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing). Statsråden spurde institusjonane korleis dei ser for seg sin eigen posisjon i eit landskap med færre institusjonar og klåre forventningar, både frå studentar og samfunn, og kva for strategisk profil dei ønskjer å ha i 2020.

Partnerar i UH-nett Vest er Universiteta i Bergen og Stavanger, Høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane, Volda og Høgskolen Stord/Haugesund. Representantar frå institusjonane var samla i Marifjøra, Sogn, på tysdag, der der dei diskuterte alternativa for det framtidige samarbeidet. Både fusjon og føretaksmodell blei forkasta, medan eit nytt omgrep blei lansert: konsortiumsmodellen.

– Vi snakket om et mer formalisert samarbeid. Det koker ned til tettere integrering av lærer-, helse og omsorg-, ingeniør-, og økonomisk-administrative utdanninger, seier rektor Dag Rune Olsen til "På Høyden". Han meiner at denne modellen først og fremst er retta inn mot Høgskulane sine behov. Universitetet i Bergen vil venteleg i hovudsak bidra til å møte kravet om 5-årig masterutdanning for lærarar.

Det kan sjå ut til at UH-vest slit med å komme opp med eit akseptabelt svar på spørsmåla frå departementet. Framlegget om ein føretaksmodell "var ikke i nærheten av å svare på departementets bestilling," var Olsen sitt inntrykk i ein tidlegare fase. Denne gongen prøver dei 'konsortium-modellen' som inneber sjølstendige institusjonar, som Olsen innrømmer kan bli ei utfordring sett opp mot bestillinga frå statsråden.