To essay: tillit under press i arbeidslivet

I førekant av Sosiologforeininga sitt Vinterseminar publiserer Sosiologen fleire tekstar som tek for seg omgrepet tillit frå ulike vinklar og samahengar.

For 20 år sidan var Tor Halvorsen med å starte eit større prosjekt i Sør-Afrika om tillit og risiko. Utgangspunktet for prosjektet var at Noreg er eit høgtillitsland, og at Sør-Afrika er det motsette. Innbakt i både prosjektet og i deltakarane sine hovud var føresetnaden at Sør-Afrika måtte tileigne seg høgare nivå av tillit i samfunnet, og nærme seg "den nordiske modellen", om landet skulle vere i stand til å gjennomføre naudsynte endringar.

I ettertid hevdar Halvorsen i essayet Tillit og risiko – profesjonar og kunnskap i Sosiologen at både Noreg og Sør-Afrika var underlagt eit globalt regime eller konstitusjon prega av nyliberalisme, som undergrev nettopp den tilliten som den nordiske modellen skal ha som særmerke.

Eivind Falkum diskuterer i eit anna essay i SosiologenTillit og styring i arbeidslivet –  om stillinga for tillit i dagens arbeidsliv. Gjennom den sosialdemokratiske perioden har tillit mellom partane i arbeidslivet ført til færre konfliktar. Etter at liberalismen sin æra har slått gjennom internasjonalt frå 1980, vart tilhøvet mellom leiar og eigar viktigare enn tidlegare, då tilhøvet mellom leiar og fagforeining hadde større fokus. Reindyrking av verdikjeder i næringslivet i konsernstrukturar har påverka til tilsvarande løysingar i offentleg sektor.
I dag hevdar Falkum at standardisering og kontroll er den styringsforma som er i sterkast frammarsj i arbeidslivet.