Notice: Undefined property: WP_Error::$cat_ID in /customers/7/7/2/chisavkny/webroots/r1129248/wp-content/themes/wp-bootstrap-baerekraft-child/archive.php on line 16

Høgskulen på Vestlandet: – Alle må bu seg på endring

Høgskulen på Vestlandet, 5 undervisningsstader

Høgskulen på Vestlandet

Diskusjonen om den framtidige organiseringa av den nyfjusjonerte Høgskulen på Vestlandet held på å kome i gang.

Skal skulen organiserast i ein fakultetsmodell? I så fall, skal det vere tre eller fire fakultet? Skal skulen delast inn tradisjonelt etter profesjonane – altså med eit fakultet for ingeniørar, eit for sjukepleiarar og eit for lærarar? Eller skal inndelinga følgje tematiske skiljeliner, som klima og berekraft, teknologi og innovasjon, og helse og velferd? Høyrer økonomi og administrasjon saman med ingeniørfaga? Eller bør dette få eit eige fakultet?