Statsminister Erna Solberg opna Høgskulen på Vestlandet

Statsminister Erna Solberg klipte på tysdag over "den virtuelle snora" som markerte opninga av den nye samanslutninga Høgskulen på Vestlandet. I opningstalen kom ho mellom anna med eit venleg spark til Sogn, då ho fortalde at regjeringa sitt framlegg om samanslåing der blei tatt imot "i aller beste vestlandstradisjon med å stritte imot av alle krefter". Men ho meinte samstundes at motstanden hadde ført til ein prosess som endte med ein organisasjon som vil tene både skulane og Vestlandet.

Solberg peika spesielt på den nye mastergraden som høgskulen no tilbyr innan lærarutdanninga, som eit konkret resultat av samanslåinga.

Statsministeren hadde med seg ei fersk løyving frå regjeringa på 39 millionar kroner til utviklinga av den nye institusjonen.

Les meir på Høgskulen på Vestlandet