
– Endelig! Dette er ein heilt fantastisk siger – no er vi utruleg glade, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, og Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
– Dette er ein historisk siger for Førdefjorden, naturen og miljørørsla. Staten si godkjenning av dumping av 170 millioner tonn med gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg. Vi har hatt rett heile tida! No må dumpinga stanse straks, sier Gulowsen til Naturvernforbundet sine nettsider.
Men det er ikkje nokon automatikk i at dommar som dette får konkrete konsekvensar med det første for forureininga det eigentleg handlar om. – Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men det er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper, sa Øyvind Stiansen ved Institutt for statsvitskap til NRK i fjor.