Dumping av masse, skogsbilveg foto Synnøve Spangelo, Naturvernforbundet*Naturvernforbundet Hordaland har arbeidd i fleire år for å bevise at bygging av skogsbilvegar skjer på ulovleg måte i Bergen og Vestland. No er eit entreprenørselskap dømt til ei bot på over ein million kroner for ulovleg bygging av skogsbilvegar. Leiar i Naturvernforbundet Hordaland kommenterer at det er ein viktig dag for kampen mot naturøydeleggingar. Han meiner selskapa sparar pengar på tippavgift ved å gjere avtale med grunneigarar om dumping i naturen, og så kalle det for skogsbilveg.
Dagleg leiar i selskapet meiner dei er uskuldige. Selskapet har fått statleg støtte for bygging av skogsbilvegar, men har bygd utan løyve. Dagleg leiar får sjølv ei bot på 30.000 kroner.