Forside » Aktuelt » Samarbeidsinitiativ for et universitet i Møre og Romsdal

Samarbeidsinitiativ for et universitet i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune skriver i sak til Nærings- og miljøutvalet at MøreAlliansen er samla om ein visjon om at Nordvestlandet skal utvikle seg som ein sterk kunnskapsregion på område der regionen har særlege forutsetningar og fortrinn. Dette skal skje gjennom ei styrka og samordna satsing på høgare utdanning, forsking og utvikling i tett samarbeid og samspel med næringsliv og offentleg verksemd både i og utanfor regionen. Utvalet gav ei løyving på 2.2 mill. kroner til prosjektet.

Høgskolane i Møre og Romsdal er i dag små til mellomstore institusjonar, men ein samla høgskole i Møre og Romsdal vil vere stor i norsk målestokk. Fylkeskommunen melder at Høgskolane i Møre og Romsdal hausten 2009 har til saman 7052 registrerte studentar. Dette er på same nivå som Høgskolen i Sør-Trøndelag (7369), Universitetet i Tromsø (7245), Universitetet i Agder (7281), Universitetet i Stavanger (6974) og Høgskolen i Bergen (6921).

Lenke: http:/www.hials.no/nor/hials/aktuelt/nyhetsarkiv/oltedal_om_moerealliansen
Kjelde: HIALS

Sist oppdatert:

Det er stengt for kommentarer.