Riksrevisjonen: Satsing på skriving og rekning utan verknad

PISA resultat i rekning
PISA resultat i rekning*
Ein rapport frå Riksrevisjonen gjev Kunnskapsdepartementet kritikk for manglande resultat av stor satsing gjennom ti år på å styrke elevane sine evner i skriving, lesing og rekning. Ein graf frå rapporten over resultata frå PISA-kartlegginga av lesing og rekning på slutten av grunnskulen, tyder på at talet på elevar med dårlege basiskunnskap ved slutten av ungdomsskulen har auka frå omlag 20 prosent i 2015 til om lag 30 prosent i 2022. Utviklinga er meir markert i Noreg enn i andre land det er naturleg å samanlikne seg med.

Riksrevisjonen kritiserer departementet for at det ikkje har samla kunnskap om verknaden av den offentlege satsinga. Rapporten kritiserer også at departementet har gjort lite for å bøte på dei svakheitene dei har hatt kunnskap om.

Les meir på Riksrevisjonen