Rekordstor CO2-auke i atmosfæra – fare for raskare auke i temperatur
Publisert
Permafrost på Herschel-øya. Boris Radosavljevic, CC BY 2-0*Det globale nivået av CO2 i atmosfæra auka med 3.5 ppm i 2024, til 424 ppm (delar av ein million). Vitskapsfolk uroar seg over at dei naturlege opptaka av klimagassar i hav og landjord blir svekka av den globale oppvarminga. Dette kan utløyse endå raskare oppvarming. Omlag halvparten av alle utslepp av CO2 har fram til no blitt teke opp av naturen.
Også utsleppa av dei to nest viktigste klimagassane metan og nitrogenoksid auka til nytt rekordnivå i 2024. Omlag halvparten av metanutsleppa kjem frå naturlege kjelder. Desse utsleppa aukar når temperaturen stig og fossile lager i permafrost tinar og slepp ut metan når dei tek til å råtne.