Plyndring av Amerika – Trump og venene mjølker posisjonane

Donald Trump, foto: Gage Skidmore from Peoria, AZ, Wikimedia, CC-BY-SA-2.0
Donald Trump, foto: Gage Skidmore from Peoria, AZ, Wikimedia, CC-BY-SA-2.0*
The Guardian ser nærare på korleis Trump og hans nære krins av milliardærar nyttar posisjonane dei har vunne i det politiske systemet til å auke rikdomen sin. Trump fekk 300 millionar dollar til valkampanjen sin frå Elon Musk. Etter valet let Trump Musk stille ut fem ulike modellar av Tesla på plenen ved det Kvite huset, og Trump sjølv gjorde salsstuntet endå betre ved å ta del i det sjøl, med kommentarar om at han ‘elska det vakre produktet’, og kor billig det var. Berre timar etter denne seansen investerte Musk endå 100 millionar  i politiske grupper som arbeider for Trump.

Ei veke etter salsstuntet på plenen spurde milliardær-bankmannen Howard Lutnick, som er Trump sin handels-sekretær, på Fox News: ‘Kven vil ikkje investere i Musks aksjar?’ Og svarte sjølv på spørsmålet med at Musk var ei av dei beste investeringane han hadde møtt.

Då hadde framleis Lutnick ikkje selt seg ut av aksjane han sjølv eigde i finansfirmaet Cantor Fitzgerald, som sat på 300 millionar dollar i Tesla-aksjar.

Les meir om den lønsame miksen av politisk og økonomisk makt i The Guardian