Yacht - ikke for alle. Foto Lisa Larsen Pixabay. CC0*Den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam åtvarar om at dei superrike er i ferd med å ta kontroll over regjeringar i store delar av verda. Organisasjonen har publisert ein rapport med tittelen «Resisting the Rule of the Rich». Etter valet av Donald Trump har dollar-milliardærane sine formuer har auka tre gonger raskare enn i dei førre fem åra. Mest har formuene til dei amerikanske superrike auka, men òg i andre land skjer same utviklinga.
Dei siste tiåra har fattigdommen i verda blitt redusert. Men frå 2020 har denne utviklinga stansa, og fattigdomen aukar – særleg i Afrika. Rapporten tek opp korleis regjeringar over heile verda gjer ‘feile val’ ved å ‘forsvare rikdom framfor fridom’.