Opptur for Osterøy-industri

Medan næringslivet slit under oljenedturen mange stader på Vestlandet, rår optimismen på Osterøy. Der har fleire bedrifter rekordomsetning. I Tyssebotn er Tysse Mekaniske Verksted Norges-leiar i produksjon av tilhengarar. Der går det som ei kule, trass i problema andre slit med for tida. Under finanskrisa la verksemdene stor vekt på å ta vare på dei tilsette.

Tysse har nært samarbeid med Lone Beslagfabrikk, som også ligg på Osterøy. Mange små verksemder på øya er familieeigde og tenkjer langsiktig. Samstundes kjøper dei gjerne hjå kvarandre. For det er stor variasjon i industriproduksjonen i gründer-kommunen. Det syner seg at ein ofte kan finne underleverandørar lokalt som kan levere raskare og til same eller billegare pris enn konkurrentar langt borte.

Høyr reportasjen på NRK Hordaland