Opnar for store endringar i lærarutdanninga


Kari Nessa Nordtun, foto: regjeringen.no
Kari Nessa Nordtun, foto: regjeringen.no*
Søkjartala til lærarutdanninga stupar, og mange med lærarutdanning arbeider ikkje i skulen. Ein del av forklaringa kan vere at ferske lærarar seier at dei ikkje er godt nok rusta til å handtere kvardagen som lærarar. Dei to ministrane med ansvar for utdanning meiner årsaka er at utdanninga er blitt for rigid og akademisk.

No planlegg kunnskapsminister Kari Nessa Nortun og Forskings- og høgre utdanningsmininster Sigrun Aasland større endringar i lærarutdanninga. – Studentane treng meir kunnskap om relasjonar, klasseleiing og det å jobbe i skulen. Vi treng tettare kopling mellom studie og praksis, seier Aasland til Aftenposten.

Eitt av grepa som kan bli å fjerne obligatorisk masteravhandling. Dei to ministrane ønskjer no å gjere studiet meir fleksibelt, og slik at den siste delen blir meir praksisretta. Det kan bli aktuelt at studentane startar i arbeid med rettleiing og løn, delvis slik legar har turnusteneste.

Les meir i Aftenposten (bak betalingsmur)