No er kjærleiken til publisering av forskingsartiklar i internasjonale tidsskrift komen i vegen for det eigentlege samfunnsoppdraget til høgskulane, meiner Bleidvin.
Han syner til Nord universitet som etter berre to år er i gang med å leggje ned undervisningsstader som ligg for avsides, og til den strategiske satsinga som dreier seg om forsking og publiseringspoeng.
– Ironien i det heile er at det er lite forsking som tyder på at «forskingsbasert undervisning» automatisk gir betre undervisning eller meir nøgde studentar. Tvert om: ein del studier tyder på meir misnøye blant studentane dess meir forsking lærarane deira driv med, skriv Bleidvin.
Sist oppdatert: