Ny søketeneste for forsking i Norge innan berekraft
Publisert
baerekraftsforskning.no*Det er lansert ei ny nettbasert teneste som tilbyr søk etter forskingsprosjekt innan berekraft – baerekraftsforskning.no. Tenesta fungerer slik at ein kan starte søk ved å klikke på eit ikon for kvart av dei aktuelle berekraftsmåla, eller søke i tekstfelt, eller kombinere det med å krysse for å filtrere søket nærare.