– Norske kommunar ikkje førebudde på fleire eldre

Eldreomsorg, foto truthseeker08, Pixabay
Eldreomsorg, foto truthseeker08, Pixabay*
Andelen eldre i det norske folket er alt no langt høgare enn før, men Riksrevisjonen peikar i ein rapport på at norske kommunar ikkje er førebudde. I tiåra framover vil denne andelen berre auke. Rapporten undersøkjer om kommunane har førebudd seg på dei demografiske endringane, og om staten legg til rette for at kommunane førebur seg.

Vurderinga frå Riksrevisjonen konkluderer med at den manglande planlegginga i kommunane er kritikkverdig. Det same gjelde at Helse- og omsorgsdepartementet ikkje har konrtrollert om kommunane er tilstrekkeleg førebudde.

Den manglande planlegginga i kommunane kan få som konsekvens at dei kommunale tenestene for eldre sviktar.

Les meir på Riksrevisjonen.no