– Noreg når ikkje måla frå Naturavtalen

Dumping av masse, skogsbilveg foto Synnøve Spangelo, Naturvernforbundet
Dumping av masse, skogsbilveg foto Synnøve Spangelo, Naturvernforbundet*
Ni norske miljøorganisasjonar har publisert ein rapport om oppfølginga av den internasjonale naturavtalen i Noreg. Dei konkluderer med at berre 3 av 23 mål i avtalen er mogleg å oppnå for Noreg. 13 av måla har for dårleg framgang til å kunne nå måla i 2030, medan 7 mål ikkje har framgang i det heile, blir det hevda i rapporten.

Professor Dag O. Hessen seier til NRK at Noreg er ambisiøst på vegner av andre land, men eigne ambisjonar er altfor låge. Han meiner det er altfor vage formuleringar i den norske Naturmeldinga.

Men miljøminister Sigrun Aasland har framleis tru på at vi kjem i mål.

Les meir på NRK