– New Public Management: høgare kostnader og meir klager

Det boblar av frustrasjon og sinne i seminarrom og kontor på universitet og høgskular, hevdar Njord V. Svendsen på Khrono. Tom A. Trippestad er ein framståande representant for kjenslene mange strir med etter 30 år under New Public Management-regimet. — Konkurranse kan vere bra. Men det er ikkje bra når det blir ein religion, seier han. — Forskinga blir industrialisert, samlebanda er mentale, seier Trippestad.

— Kor kjem ideen frå om at profesjonane skal vere nyttemaksimerande? Medan leiarskap, departement og politikarar ikkje skal underkastast same teorien? New Public Management (NMT) bygger på mistillit til profesjonane og ein mystisk tillit til managerleddet. Derfor har ein utvikla ei tru som går ut på at berre leiarskap kan føre til sunn endring. Framveksten av stadig nye leiarroller i sektoren er epidemisk.

Nok mål, hovudmål, delmål, slimål, målbare mål for gjennomføring av høgmål og lågmål, kommenterer journalisten Svendsen, som har snakke med fleire sentrale norske akademikarar som har markert seg i tilhøve til NMT.

Og oppfinnaren av omgrepet New Public Management Christopher Hood skriv no at NMT ser ut til å ha gitt høgare kostnader og meir klager.

Les meir på Khrono