NEON-prisen til Torodd Strand

Nettverk for Organisasjonsforsking i Norge (NEON) har tildelt sin ærespris for 2012 til professor emeritus Torodd Strand. Tildelinga skjedde under NEON-dagane i Sogndal 20.-21. november.

I grunngjevinga for tildelinga syner organisasjonskomiteen til at Torodd Strand har "ferdast meir enn dei fleste" i det som er NEON si primære grenseflate: mellom leiing som forskingstema og leiing som praktisk arbeid. Strand har, ifølgje komiteen, frå denne synsstaden "synt korleis det i ein norsk, akademisk kontekst er mogeleg å kople saman kritiske perspektiv på leiing, praktisk leiararbeid, rådgjeving og undervisning".

Komiteen syner også til Strand si bok "Ledelse- organisasjon og kultur", der han legg fram store mengder organisasjons- og leiingsforsking på ein måte som skiljer seg ut i mengden av slik litteratur.

Les meir på Universitetet i Bergen