NAV-direktøren går av på dagen

Hans Christian Holte 2017. Photo Tore Sætre, Wikimedia CC by-sa 4 0
Hans Christian Holte 2017. Photo Tore Sætre, Wikimedia CC by-sa 4 0*
Direktør i NAV Hans Christian Holte gjekk i går av på dagen. Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng melde at ho ikkje lenger hadde tillit til Holte som NAV-sjef etter den sterke kritikken mot NAV frå Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen kritiserte NAV for å betale ut 2,3 milliardar kroner utan å kontrollere fakturaane, og for å gje feil informasjon til departementet og Riksrevisjonen. NAV har hevda overfor både Riksrevisjonen og departementet at dei hadde retta opp manglande journalføring i IKT-systemet, som tidlegare er kritisert av Riksrevisjonen. No syner det seg at feilen likevel ikkje var retta på det tidspunktet NAV hevda det var gjort, men på eit seinare tidspunkt.

Holte går over i ei annen stilling i staten.

Les meir i VG