Leiv Bjarte Mjøs: Matrikulær utvikling i Norge

Publisert 2016

Leiv Bjarte Mjøs: Matrikulær utvikling i Norge. Doctor Philosophiae (dr. philos) avhandling. Institutt for landskapsplanlegging, Fakultet for samfunnsvitenskap, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Samandrag Temaet for denne avhandlinga er utvikling av det matrikulære systemet i Norge, som er eit  system av tysk type – German style cadastral system.  Avhandlinga legg særleg vekt på  utvikling av ordningane for oppmåling og kartlegging av eigedomsgrenser.  Ved å samanlikne  utviklinga i Norge med « best practice » system av denne type , er målet med avhandlinga å  finne ulikskapa r i utvikling , kva konsekvensa r desse ulikskapane har for det norske  matrikulære systemet i dag , og foreslå moglege forbetringar.

Med det matrikulære systemet i Norge vert i denne samanhengen meint det registersystemet  som skal gje informasjon om fast eigedom, og dei to viktigaste elementa er grunnboka og  matrikkelen. Grunnboka har sitt utspring i dei bestemmelsar om føring av  underrettsprotokoller som vart innført  tidleg  på 1600-talet, med formål å dokumentere  og  verne om  eigedomstransaksjonar. Matrikkelen  har sitt utspring i den gamle skattematrikkelen  som vart sett i verk på  siste halvdel av 1600-talet,  då  med formål utlikning av skatt.

I andre land i Europa med matrikulære system av tysk type vart det ut over 1800-talet utført  økonomiske kartleggingar som resulterte i nasjonale eigedomskart. Desse karta kjenner vi i  dag  som katasterkart eller matrikkelkart, og formålet var først og fremst modernisering av  skattesystemet. Grunnbok og matrikkel skulle i andre land verte samordna på basis av dette  matrikkelkart et , og det vart utvikla landmålarprofesjonar for vedlikehald av kartsystemet. Ei  tilsvarande utvikling med modernisering av det matrikulære systemet ved økonomiske  oppmålingar skulle vi ikkje få i Norge på 1800-talet.  Samordning av grunnbok og matrikkel  skulle i Norge  skje på bakgrunn av matrikkelens nummereringssystem, og ikkje på bakgrunn  av eit nøyaktig kart over eigedomsteigane, då dette kartet ikkje var etablert  i Norge. Rundt  1900 hadde matrikkelen mist si rolle som grunnlag for utlikning  av skatt, og ut over 1900- talet var grunnboka den dominerande delen av  systemet, med matrikkelen i ei noko uklår rolle  med etablering av nye eigedomar og tildeling av eigedomsidentifikasjon. Dette var systemet  på landsbygda, i byane hadde det vorte etablert eigne matriklar og system med  oppmåling og  kartlegging, hovudsakleg frå 1900 og framover.

Etter 2. verdskrig en vart det i Norge, som i mange andre land, sett fokus på planlegging og  kontroll med arealbruk. Medan andre land med  German style cadastral system gjennom lange  tider hadde utvikla eit detaljert storskala kartverk som var veleigna for eit slikt formål,  mangla  Norge dette. Det vart derfor sett i gang eit storstilt kartleggingsprogram rundt 1960 – økonomisk kartlegging, og ut over 1960-  og 1970-  talet var mange grupper og utval i arbeid  for å få på plass eit  moderne storskala kartverk  over Norge. Eigedomsdelingar vart imidlertid  på landsbygda framleis utført av lekmenn utan at nye eller endra eigedomsgrenser vart  registrert i det nye økonomiske kartverket, og det vart sett i gang  arbeid med å modernisere  eigedomsregistreringa. Dette arbeidet førte fram til at det  i  1980 vart innført krav om nøyaktig  oppmåling og utforming av målebrev ved danning av nye eigedomar og festegrunn for heile  landet, ei oppgåve som vart lagt til kommunane, men utan reelle kvalifikasjonskrav til dei  som skulle utføre arbeidet eller tiltak for å byggje opp eit slikt utøvarkorps. Ut over 1980 talet  starta det opp arbeid med å digitalisere den informasjon en ein hadde om eigedomsgrenser, i  økonomisk kartverk og nye og eldre målebrev. Dette materialet vart ut over 2000-talet samla i  eit nasjonalt register – matrikkelen, der matrikkelkartet med informasjon om eigedomar si  utstrekning er det sentrale elementet.

Avhandlinga er eit bidrag til ny kunnskap om utviklinga av det matrikulære systemet  i Norge,  og avvik i høve til internasjonal «best practice» og konsekvensane av dette.

Det matrikulære systemet skal sikre eigedomsrettar og at eigedomsmarknaden fungerer godt.  Det skal også vere kjernen i det nasjonale geografiske informasjonssystemet  som skal skaffe  fram nødvendig kartinformasjon for planlegging og regulering og vere eit påliteleg bindeledd  mellom grunneigarar og styresmakter i spørsmål om bruk av areala i  Norge.

Avvik som er funne mellom «best practice» internasjonal utvikling  og utviklinga i Norge  viser  at medan det internasjonalt er skattlegging, vern av eigedomsrett og førebygging  av  grensetvistar som har vore i fokus ved etablering av matrikkelen (katasteret), så har det i  Norge vore offentleg sektor  sine behov for informasjon til planlegging og styring av arealbruk  som har vorte mest vektlagt ved utforming  av dagens matrikkel. Systemet for å fastsetje  eigedomsgrenser og sikre grunneigarrettane er svakt utvikla, noko som har ført  til  manglande  kvalitet i matrikkelkartet, mangelfull kvalitet i det nasjonale kartgrunnlaget og eit høgt og  aukande tal eigedomstvistar i rettsapparatet.

Det er ikkje utvikla ein landmålarprofesjon  tilsvarande det vi finn i andre land til å forvalte eigedomskartet og handtere usikkerhet og slik  løyse eigedomstvistar utanfor rettsapparatet.   Avhandlinga syner at  ein ikkje har fått det systemet som ein tenkte seg då ein starta opp  modernisering  rundt 1960  som skulle føre til reformene på oppmålingsområdet frå 1980.  Kartinformasjonen i matrikkelen har ikkje den nødvendige kvalitet.  Dersom det ikkje vert sett  i verk tiltak for å utvikle eit system der det vert utvikla ein  landmålarprofesjon som kan sikre  at grensefastsetjing og kart er korrekt, vil talet på eigedomstvistar auke og kartet mangle den  kvalitet som er nødvendig for å verte det tenlege verktøyet for utføring av dei  samfunnsoppgåver som systemet er tiltenkt